Annonse

Edvartsen dømmer ikkje til helga

Den omstridde dommaren, Svein-Erik Edvartsen, dømmer ikkje runden i Eliteserien til helga.

Norges Fotballforbund (NFF) og Svein-Erik Edvartsen blei sist helg einige om at Edvartsen skulle setjast opp som dommar frå og med runde 7.

Ein føresetnad var at tilliten mellom dei ulike partane blei oppretta på nytt. For å dømma kampar på øvste nivå, må dommarane ha full tillit til kverandre.

«Etter Dommerforeningens tilbakemelding i går, forstår NFF at konflikten mellom Edvartsen og medlemmene stikker dypere enn det NFF og Edvartsen la til grunn sist helg», skriv NFF i ei pressemelding.

Fleire dommarkollegaer har varsla at dei ikkje lenger vil dømma med Edvartsen. NRK fortalde torsdag at Dommerforeningen ønskjer Edvartsen fjerna.

Edvartsen, som ikkje har dømt nokre av seriekampane i år, mista før sesongen ein av assistentane sine (Magnus Lundberg) til Svein Oddvar Moen, og han fekk ikkje velja erstattar sjølv. Han mista også Rune Pedersen som den personlege mentoren sin og fekk Hauge i staden.

Dette har Edvartsen i eit intervju med Nettavisen sagt at han reagerer på.

(©NPK)