Annonse

Fleirtal for strengare straff for å spreie nakenbilete

Eit fleirtalet på Stortinget vil gå inn for ei ny vedtekt i straffelova som skal gi strengare straff for spreiing av nakenbilete utan samtykke. 

6. mars vil justiskomiteen komme med ei innstilling der fleirtalet, Arbeidarpartiet (Ap), Høgre og Frp, går inn for ei ny vedtekt i straffelova, fortel NRK torsdag.

- Dette følast som overgrep og rammar unge jenter hardare enn mange trur, seier leiar Lene Vågslid (Ap) i justiskomiteen på Stortinget til kanalen.

Ap meiner det er nødvendig med ein eigen lovparagraf som gjer det tydeleg at det er ulovleg å spreie krenkjande og seksualiserte bilete på nett utan samtykke, og dei får støtte for det hos Høgre og Frp. Høgre og Frp vil derimot at forslaget først skal greiast ut i Justisdepartementet.

- Eg er glad for at det ser ut til å bli fleirtal for dette. Vi ber no Justisdepartementet komme tilbake til Stortinget med eit lovendringsforslag og auke av straffene, seier Solveig Horne (Frp) i justiskomiteen til NRK.

(©NPK)

Leiar Lene Vågslid (Ap) i justiskomiteen på Stortinget får fleirtal for ny vedtekt i straffelova om spreiing av nakenbilete.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix