Annonse

Flytting av truga nashorn gjekk forferdeleg gale

Noko gjekk forferdeleg gale då elleve utryddingstruga, svarte nashorn skulle flyttast til eit nytt reservat i Kenya. No er ni av dei døde.

Transporten gjekk føre seg i førre månad, frå nasjonalparkane ved Nairobi og Lake Nakuru til Tsavo East. Kenyas turistminister seier at politiet er kopla inn i saka og har fått ei veke på seg til å komme med ei forklaring.

- Ni av nashorna er døde av grunner som vi ikkje kjenner. Den førebelse rapporten frå ekspertar i Kenya Wildlife Service går ut på at dei har drukke vatn med for mykje salt, sa turistminister Najib Balala på ei orientering i Nairobi tysdag.

Han la til at alle horna frå dei døde dyra er i forvaring og utstyrte med elektroniske merkelappar.

Organisasjonen Redd Nashorna anslår at det er færre enn 5.500 svarte nashorn igjen i verda, alle i Afrika. Bestanden i Kenya er 750 dyr.

Nashorn har ingen naturlege fiendar på grunn av storleiken og den tjukke huda. Men dei er mål for krypskyttarar som kapper av hornet og sel dei, særleg til asiatiske oppkjøparar. I mange land i Asia blir pulverisert horn sett på som eit medisinsk preparat, som også skal gjere underverk for kjærleikslivet.

Eit nashorn kan vere verdt fleire titall tusen dollar.

(©NPK)

Ni av elleve svarte nashorn som i førre månad blei flytt til eit nytt reservat i Kenya, er no døde. Årsaka er ukjent, men kan ha noko med saltinnhaldet i vatnet å gjere. Foto: Sayyid Abdul Azim/AP/NTB scanpix