Annonse

FN: 480.000 rohingyaer har flykta frå Myanmar til Bangladesh

Om lag 480.000 rohingyaer har denne ein månaden flykta frå Myanmar til Bangladesh, opplyser FN.

Talet på menneske frå den statslause muslimske minoriteten som har reist frå Myanmar, er dermed oppjustert med 45.000 sidan laurdag.

Oppjusteringa kjem ifølgje FN og internasjonale hjelpeorganisasjonar av at om lag 35.000 rohingyaer som ein tidlegare ikkje hadde oversikt over, no har flytta inn i to flyktningleirar.

Samtidig har talet på rohingyaer som tar seg over grensa, igjen begynt å auke etter eit markant fall i førre veke, opplyser FN.

Rohingyaer har flykta til ei rekke land i regionen. På Sri Lanka storma buddhistiske munkar tysdag eit FN-drive flyktningsenter i nærleiken av hovudstaden Colombo.

Senteret var godt verna, men dei oransjekledde munkane reiv ned portane og storma inn på området der livredde rohingyaer søkte tilflukt i dei øvre etasjane.

- Dette er rohingya-terroristar som drap buddhistmunkar i Myanmar, seier ein munk idet han peikar på mødrer med små barn i armane. Opptrinnet blei filma og videoen er lagt ut på Facebook.

Ifølgje ein politimann er rohingyaene no under beskyttelse.

Før den siste valdsopptrappinga 25. august var om lag 300.000 rohingyaer innkvarterte i leirar på bangladeshisk side av grensa. Leirane er no heilt sprengde, og eit stort område på 8 kvadratkilometer er sett av til nykomne, men her er det enno ikkje sett opp nokon hus eller andre fasilitetar.

Valden starta etter at ein militant rohingyagruppe angreip fleire myanmarske politistillingar. Flyktningane som har komme frå Bangladesh, har fortalt om drap, valdtekter og nedbrenning av landsbyar.

Satellittbilete viser at over 200 landsbyar har brent ned dei siste fire vekene.

(©NPK)

Ein gut frå rohingya-minoriteten høgg ved i ein flyktningleir i Bangladesh. Minst 6.000 barn har komne Bangladesh utan foreldra sine. Foto: Dar Yasin / AP / NTB scanpix