Annonse

Inga avklaring om prisen på det dyre legemiddelet Spinraza

Forhandlingane måndag om prisen på det dyre legemiddelet Spinraza gav inga avklaring.

Årsaka er at forhandlingane mellom legemiddelfirmaet og sjukehusinnkjøp HF ikkje har ført fram, fortel NRK.

I slutten av oktober avgjorde Beslutningsforum for nye legemiddel at prisen var for høg til at legemiddelet Spinraza kunne innførast i Noreg for barn med den alvorlege muskelsvinnsjukdommen spinal muskelatrofi.

Prisen er på heile 1 million kroner per dose.

Beslutningsforum er i forhandlingar med legemiddelselskapet Biogen om prisen. Sist veke blei det kjent at spørsmålet om Spinraza kunne behandlast på eit ekstraordinært møte måndag, dersom forhandlingane hadde ført fram.

Beslutningsforum opplyser derimot til Dagens Medisin at forhandlingane ikkje er ferdige.

- Vi er no i forhandlingar med legemiddelselskapet og ønskjer ro rundt arbeidet, seier leiar Lars Vorland.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix