Annonse

Forskarar seier søvnproblem aukar faren for demens

Forskarar ved Karolinska instituttet er komme fram til at for lite søvn aukar faren for demens. Men dei som søv for mykje, er heller ikkje risikofrie.

Ein studie viser at faren for demens seinare i livet aukar med 24 prosent dersom ein har søvnproblem i 40- eller 50-årsalderen. Hos dei med dårleg søvn i 60- eller 70- årsalderen blir risikoen for demens dobla på eit seinare stadium.

Men også folk som søv for mykje, bør ifølgje studien vere litt urolege. Å sove meir enn ni timar per natt aukar faren for demens. Dessutan er auka søvnbehov i seg sjølv eit symptom på demens.

Forskarane håper at søvnforstyrringar får større merksemd, slik at skreddarsydde opplegg kan setjast inn.

- Funna indikerer at vi ved visse stadium i livet er svært følsame for søvnforstyrringar, og at desse aukar faren for demens, skriv forskarane.

Resultata stammer frå tre studiar som er gjort i Sverige og Finland med fleire enn 2.000 deltakarar.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto. Modellklarert. Foto: Thomas Brun / NTB scanpix