Annonse

Første skuledag på Varhaug skule etter drapet

Éin pult stod tom da elevane kom tilbake på Varhaug ungdomsskule etter sommarferien måndag. Tretten år gamle Sunniva Ødegård vart drepen i ferien.

Ødegård vart funnen død 30. juli, og ein 17 år gammal gut er arrestert og har tilstått å ha drepe henne.

- No manglar vi ein elev, og det ser vi veldig godt. Det er lov å kjenne på at vi saknar Sunniva og skulle ønskje at ho var her. Det er det elevane tenkjer, seier Sunnivas lærar Elisabeth Hovstad Taksdal til VG.

Ho har både gitt rom for trøyst og sorg på den første dagen i skuleåret, men har òg vore opptatt av at elevane skulle ha det kjekt.

- Eg har fokusert på at dei skal ha litt leik, og vi har prøvd å kose oss litt i dag. Klassen har vore veldig gode. Dei er respektfulle og har gitt rom for den roa vi treng når vi er lei oss.

Skulen hadde førebudd seg på dagen saman med leiinga og kriseteamet i kommunen og dei ramma familiane. Det var planlagt elevsamtaler, klassesamlingar og andre samlingar den første dagen.

(©NPK)

Første skuledag utan Sunniva Ødegård. Ein skulepult står tom etter at 13 år gamle Sunniva Ødegård vart drepen på Varhaug.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Første skuledag utan Sunniva Ødegård. Ein skulepult står tom etter at 13 år gamle Sunniva Ødegård vart drepen på Varhaug.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Første skuledag utan Sunniva Ødegård. Ein skulepult står tom etter at 13 år gamle Sunniva Ødegård vart drepen på Varhaug. Namnet til Sunniva står enda igjen i ei rosa trekasse som klassen bruker som mobilhotell.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Første skuledag utan Sunniva Ødegård. Ein skulepult står tom etter at 13 år gamle Sunniva Ødegård vart drepen på Varhaug. Kontaktlærar Elisabeth Hovstad Taksdal. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix