Annonse

Fredrik Græsvik blir USA-korrespondent for TV 2

TV 2 opprettar ei ny korrespondentstilling i USA og sender den erfarne utanriksmedarbeidaren Fredrik Græsvik til Washington.

Det melder Medier24.

TV 2 la ned stillinga som Washington-korrespondent i 2008. TV-kanalen har i fleire år vore gjennom nedskjeringar, men prøver seg no med ei mellombels korrespondentstilling i seks månader.

- Det har plaga meg at vi ikkje har hatt eit kontor der, men vi har gått gjennom ein del i det siste og har måtta prioritere. No er vi glade for å kunne satse på ei slik ordning, seier nyheitsredaktør Karianne Solbrække.

Ho viser blant anna til stor interesse for USA som følgje av at Donald Trump er blitt president.

Ifølgje Græsvik er det viktig å dekke USA no.

- Eg er heilt sikker på at Donald Trump kjem til å dominere det internasjonale nyheitsbilete framover også, så det blir garantert ein del politisk dekning. Utfordringa mi blir å fortelje om dei politiske endringane gjennom det amerikanske folk, seier Græsvik.

(©NPK)

Foto: Emil Weatherhead Breistein / NTB scanpix