Annonse

Frp-topp: - Biologiske forskjellar gjer at kvinner vil jobbe mindre enn menn

Frps Jon Helgheim meiner biologiske forskjellar gjer at kvinner vil jobbe mindre enn menn. - Forstokka haldningar, svarar likestillingsministeren.

Det er i eit Facebook-innlegg at Helgheim, som sit i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, tar til orde for å slutte med all kjønnskvotering.

I innlegget lenkar Frp-politikaren til ein kommentar skriven av TV 2-journalist Linn Wiik, som blant anna skriv at kvinner har høgare sjukefråvær og jobbar meir frivillig deltid enn menn.

- Dette viser jo at kjønnskvotering, fedrekvotar og andre tåpelege påfunn er meiningslaust. Det er biologiske forskjellar som gjer at kvinner vil jobbe mindre enn menn, skriv Helgheim.

Utsegna får likestillingsminister Linda Helleland (H) til å reagere.

- Eg veit at nokre gamle gubbar framleis har sånne forstokka haldningar, men at det skulle komme frå ein ung mann på 36 år, såg eg ikkje komme, seier Helleland til Dagsavisen.

Statsråden viser til at stadig fleire kvinner jobbar heiltid, og at delen kvinner som jobbar deltid, er lågare enn nokosinne.

- Kvinner er i fleirtal blant dei som blir uteksaminerte ved universitet og høgskular. Det same ser vi når det gjeld å ta doktorgrad. Kvinnene er no i fleirtal. Det er ikkje belegg for det han seier, seier ho.

(©NPK)

Jon Helgheim (Frp), her på talarstolen under Framstegspartiets landsmøte i april, tar til orde for å slutt med all kjønnskvotering. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix