Annonse

G19-landslaget tapte opningskampen i EM

Den seine reduseringa til Eman Markovic hjelpte ikkje for eit norsk lag som tapte 1-3 i opningskampen mot Portugal i G19-EM.

Dermed må Noreg med all sannsyn vinne mot vertsnasjon Finland om det skal bli avansement til semifinalen.

- Vi må berre ruske bort feil, så er eg sikker på at vi tar oss vidare. Det er tungt å sitte igjen med null poeng. Vi viser at vi er gode nok til å matche Portugal, sa Erling Braut Håland til NTB.

Det norske landslaget kvalifiserte seg for G19-EM som eitt av berre åtte lag. Det er første gong Noreg deltar i meisterskapen sidan 2005. I første kamp venta tapande finalist frå i fjor Portugal. Eit lag spekka av spelarar frå Sporting Lisboa, Benfica og Porto.

Noreg måtte klare seg utan Tobias Børkeeiet og kaptein Tord Johnsen Salte som følgje av suspensjonar dei pådrog seg i kvalifiseringa. Det var likevel eit slagkraftig lag Pål Arne «Paco» Johansen sende ut på Vasa Stadion i Finland.

- Vi startar bra og har mykje ball, men så slepper vi inn eit enkelt mål. Det er også ekstra tungt å få 0-2 like før pause. Da er vi skikkeleg på gang. Vi klarer å omstille oss og viser at vi absolutt er på nivå med Portugal. Det er små detaljar som skil oss. Da er det kjedeleg å sitte igjen utan noko som helst. Vi må gløyme dette og sjå framover, og først og fremst tette igjen bak og luke vekk feil, så er det gode moglegheiter for avansement, sa Leo Skiri Østigård, som var kaptein i fråvær av Salte.

Portugal hadde mykje ball innleiingsvis, men nordmennene spelte seg inn i oppgjeret og var nære ved å skape ein stor sjanse ved Erling Braut Håland allereie etter åtte minutt. Etter halvspelt omgang blei Levanger-keeper Julian Faye Lund testa skikkeleg for første gong. José Gomes fyrte av eit godt skot, men keeperen til Noreg var med på notane og avverja forsøket.

Personleg feil

Etter 24 minutt var det derimot lite Lund kunne gjere. Tobias Svendsen rota på eigen banehalvdel og plutseleg var Francisco Trincão åleine like utanfor 16-meteren. Braga-spelaren drog seg fint forbi Leo Skiri Østigård, før han smalt ballen i det høgre hjørnet.

Fem minutt før pause dobla Portugal leiinga. Miguel Luís blei spilt fri ned mot dødlinja før han slo inn mot mål. Lund feilberekna ballbana totalt og innlegget dalte i mål via stolpen. Då blei det tøft for eit norsk lag som var på høgde i den første omgangen.

Berre minuttet etter 2-0-scoringen var Håland nær ved å redusere. På 20 meter vende Molde-spelaren bort ein portugisisk forsvarer, før han skaut ballen knallhardt i tverrleggjaren. Nærmare kom ikkje det norske G19-laget før pause.

Redusering

Etter ein time var Noreg svært nær ei redusering. Håland spilte fri innbytarar Eman Markovic, som fekk skyte frå 16 meter. Forsøket frå Zrinjski Mostar-spelaren var godt, men Diogo Costa varta opp med ei god redning og avverja til corner.

Det norske laget var heilt på høgde i banespelet, men evna ikkje skape dei verkelege store sjansane før det stod att ti minutt. I staden var det Portugal som skapte ein heilt enorm sjanse med eit kvarter igjen å spele. Endå ein gong surra Noreg på eigen banehalvdel, og Portugal kunne kontre med tre spelarar mot ein einsam Østigård. På mirakuløst vis bomma José Gomes på ope mål og det norske laget slapp med skrekken.

Med åtte minutt igjen å spele kom omsider reduseringa for det norske laget. Eman Markovic blei spilt fri i mellomrommet, trakka seg forbi tre portugisarar, før han skrudde ballen i hjørnet bak Costa. Ei herleg scoring frå den tidlegare Molde-spelaren.

Noreg pressa på for utlikning og fekk to store sjansar i sluttminutta. Først heada Håland i tverrleggjaren etter 88 minutt, før Østigård sette ballen ein meter til side for målet til Costa berre to minutt seinare. Den offensive satsinga førte til enorme rom for portugisiske overgangar. Mesaque Dju og Elves Baldé hadde begge moglegheita åleine med Lund, men evna ikkje omsette sjansane i mål.

Det klarte derimot Francisco Trincão to minutt på overtid. Angrepsspelaren blei dermed tomålsscorar da han fastsette sluttresultatet til 3-1.

- Vi møtte Portugal for eitt år sidan. Då var vi mykje lenger unna enn kva vi er no. Vi gjer eigentleg ein god kamp, men manglar utteljing. Det kunne vore både uavgjort og siger. Vi har ein stor og jamn tropp. Det blir analyse av kampen i morgon, analyse av Finland pluss trening onsdag og ny kamp torsdag. Vi er godt vande med å spele fleire kampar på få dagar, sa trenaren til Noregh Pål Arne «Paco» Johansen.

Finland ventar i den neste kampen til Noreg torsdag, før Italia står på motsett banehalvdel søndag. Dei to beste laga i kvar av dei to gruppene går til semifinale og kvalifiserer seg samtidig for U20-VM i Polen neste år.

(©NPK)

Leo Skiri Østigård og det norske laget tapte opningskampen mot Portugal i G19-EM. Foto: Mikko Stig / Lehtikuva / NTB scanpix