Annonse

Grande seier regjeringa dyttar på klimaproblemet

(NPK-NTB): Venstre-leiar Trine Skei Grande seier at regjeringa dyttar klimaproblemet framfor seg med forslaget til statsbudsjett.

– Alle veit at dette blir ein tøff haust. Det blir ein tøff haust fordi vi har to damer som dyttar på problemet, sa Grande då ho talte til landsmøtet til Unge Venstre fredag.

Dei to damene ho snakka om er Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg og Frp-leiar og finansminister Siv Jensen.

Grande meiner at statsbudsjettet ikkje følgjer opp Parisavtalen på ein god nok måte.

– Det er eit faktum ein ikkje kan koma forbi at Noreg skal kutta CO2-utsleppa med 40 prosent på 13 år. Eg forhandlar gjerne om statsbudsjettet, men vi må ha ei forplikting. Dei to damene må halda dei lovnadene dei har gjeve i Paris og i FN, sa Grande til ungdomspartiet. (©NPK)