Annonse

Gunnar Garbo er død

(NPK-NTB): Tidlegare Venstre-leiar Gunnar Garbo er død, 92 år gammal. Garbo var formann i partiet frå 1964 til 1970 og nestformann i to periodar.

Garbo var i åra 1958 til 1973 stortingsrepresentant frå Bergen for Venstre. I tillegg til seks år som partiformann, var Garbo nestformann i to periodar, frå 1962– 64 og 1970– 72. Garbo markerte seg som motstandar av norsk medlemskap i det Europeiske økonomiske fellesskap (EEC).

Etter at Garbo forlét Stortinget jobba han som gjesteforskar ved Institutt for fredsforsking i 1974. Han overtok som underdirektør i Utanriksdepartementet frå 1974 til 1986, der han fekk Unesco som hovudarbeidsfelt.

På 80-talet jobba Garbo også som spesialrådgivar i Utanriksdepartementet for internasjonale kvinnepolitiske spørsmål.

– Kvifor ikkje, kvinnesak er då i høgste grad også mannssak, sa han då.

I 1987 tok han over som Noregs ambassadør til Tanzania, ei stilling han heldt fram i til 1992.

Garbo skreiv fleire bøker, blant desse er «Opprustet og forsvarsløs» (1975) «Politikk i Unesco» (1980), «Over alle grenser» (1984). «A World of Difference » (1985) og «Makt og bistand» (1993). Den siste er ei kritisk vurdering av Noreg si rolle som bistandsmakt i Afrika.

I åra 1945– 1957 var han journalist i Bergens Tidende og redaktør i avisa Nidaros. (©NPK)