Annonse

Hart mottatt som ein helt

(NPK-NTB-AFP): Den engelske landslagsmålvakta Joe Hart blei møtt av ekstatiske Torino-supporterar då han kom til klubben for å signere låneavtalen tysdag.

29 år gamle Hart, som har hamna i skuggen i City etter Pep Guardiolas inntog i managerstolen, har dei siste vekene vore rykta vekk frå den engelske storklubben. Måndag stadfesta sisteskansens agent at valet fall på Torino.

Tysdag var han på plass i Italia for å sluttføre låneavtalen som strekkjer ut inneverande sesong. fjernsynsbilete viste ein smilande Hart ståande med ei Torino-drakt på ein balkong i den italienske byen.

Torino har rett nok framleis til gode å stadfeste avtalen offisielt, men Hart-agent Jonathan Barnett har for lengst stadfesta at alle partar har gitt grønt lys.

Hart blir dermed den tredje engelske keeperen som speer i den italienske toppserien. James Richardson Spensley spilte for Genoa i perioden 1896 til 1906, og Hoberlin Hood vakta Milan-målet i same periode.

Manchester City skal ha sagt ja til å betale delar av Joe Harts lønn.

For den erfarne burvaktaren er låneavtalen truleg ein føresetnad for å halde fast på posisjonen som Englands landslagskeeper. (©NPK)