Annonse

Helleland seier uavhengig gransking er nødvendig

(NPK-NTB): Statsråd Linda Hofstad Helleland (H) meiner det er heilt nødvendig at det blir ei uavhengig gjennomgang av medisinbruken i langrennsmiljøet.

– Ingen er tent med at det blir sett spørsmålsteikn ved truverdet, uavhengig av kva konklusjon som måtte bli utfallet av ein slik gjennomgang, seier Helleland til NTB.

Kulturministeren utdjupar kvifor ho meiner at ein slik gjennomgang må vere uavhengig.

– Det er viktig at vi får ein debatt om korleis vi praktiserer verdiane som norsk idrett står for, og det er avgjerande at vi får alle korta på bordet. Det er først og fremst ubehageleg for våre idrettsutøvarar at det blir stilt spørsmål ved deira prestasjonar, og som idrettsminister er eg opptatt av at ingen skal tvile på tilliten til Noregs nasjonalsport og dens omdømme.

I ei pressemelding frå Norges Skiforbund fredag vart det kjent at langrennskomiteen i skiforbundet skal møtast kommande måndag for å avgjere mandatet for den kommande gjennomgangen. (©NPK)