Annonse

Høgsterettsdom kan bli kostbar for kommunane

(NPK-NTB): Ein støttekontakt som kravde fast jobb i Ålesund kommune har fått medhald i Høgsterett. Dommen kan få konsekvensar for 25.000 personar i tilsvarande stillingar, og koste norske kommunar dyrt.

Dei aller fleste av dei rundt 25.000 i landet som jobbar som avlastarar og støttekontaktar, har såkalla oppdragskontraktar med kommunane, som betyr at dei blant anna ikkje har rett til ferie- og sjukepengar.

I førre veke slo Høgsterett fast at ein støttekontakt i Ålesund, som gjekk til sak mot kommunen, kan krevje fast tilsetting, skriv Sunnmørsposten.

Dermed kan støttekontaktane krevje fast tilsetting – noko som blant anna betyr at timebetalinga kan aukast med ein hundrelapp, i tillegg til at arbeidstakaren vil få fleire andre rettar.

Rådmann Astrid Eidsvik i Ålesund kommune ser føre seg at dommen kan bli dyr for kommunen.

– Vi tek dommen til etterretning, men kan ikkje seie kva det betyr i kroner og øre, seier Eidsvik, som legg til at saka ikkje berre gjeld Ålesund, men heile Kommune-Noreg.

– Storting og regjering har lagt til grunn at kommunane skal vere oppdragsgivarar. Når Høgsterett har kome til ein annan konklusjon, kan det bety ein auke i utgiftene på 50 prosent for norske kommunar, seier Svein-Rune Johannessen, som er lokalpolitikar i Ålesund og styremedlem i KS i Møre og Romsdal. (©NPK)