Annonse

Innvandring sikrar aukande del under 25 år

(NPK-NTB): Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sørgjer for at personar under 25 år utgjer ein stadig aukande del av den norske befolkninga, ifølgje ein SSB-rapport.

Statistisk sentralbyrå (SSB) la torsdag fram ein rapport om barn og unge vaksne med innvandrarbakgrunn i Norge.

Der kjem det fram at barn og unge med innvandrarforeldre utgjer ein stadig større del av befolkninga i alderen 0 til 24 år.

Ved inngangen til 2015 var delen på 15,5 prosent av denne gruppa, jamfør med 11 prosent i 2009. Polen og Somalia er landa flest unge innvandrarar kjem frå, medan blant norskfødde med innvandrarbakgrunn har dei største gruppene bakgrunn frå Pakistan og Somalia.

Rapporten tar også for seg delen barnehagebarn med minoritetsspråkleg bakgrunn. Også der har det vore ein auke dei siste åra, frå nær 5 prosent i 1998 til over 14 prosent i 2014.

Delen elevar med innvandrarbakgrunn som byrjar på vidaregåande opplæring, er mindre enn delen blant dei norskfødde. Blant dei som fullfører, er delen som går direkte vidare med høgare utdanning større enn for dei utan innvandrarbakgrunn.

Rapporten viser òg at innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre har generelt sett lågare husholdningsinntekt enn den andre befolkninga, spesielt i hushald med barn og unge frå 0 til 24 år. (©NPK)