Annonse

Iranske menn med hijab i solidaritet med kvinner

(NPK-NTB): Iranske kvinner har lenge kjempa mot hijab-påbodet og «moralpolitiet» i landet. No sluttar også menn seg til kampanjen ved å ikle seg hijab og leggje bilete av seg sjølv ut på sosiale medium, ifølgje avisa The Independent.

Kvinner som ikkje dekkjer håret med hijab i Iran, risikerer å bli straffa med enten bøter eller fengsel. Men påbodet har i lang tid møtt motstand, og enkelte kvinner har barbert av seg håret i protest for å sleppe å gå med hijab.

Den siste veka har kampanjen òg fått fleire mannlege deltakarar, som har lagt ut bilete av seg sjølv ikledd hijab på sosiale medium. Fleire av dei har latt seg fotografere saman med kona eller ein kvinneleg slektning som ikkje har dekt håret.

Kampanjen starta etter at den iranske aktivisten og journalisten Masih Alinejad, som bur i New York, oppfordra menn til å støtte kvinnene sin kamp mot tvungen hijab ved å ikle seg hijab, ifølgje den britiske avisa.

Ho står i spissen for kampanjen «My Stealthy Freedom» og deler ofte bilete av iranske kvinner som ser sitt snitt til å ta hijaben av når dei er ute. (©NPK)