Annonse

Johaug knuste konkurrentane i Lysebotn opp

(NPK-NTB): Therese Johaug er klatredronninga framfor nokon i norsk langrenn. Det beviste ho endå ein gong i Lysebotn opp torsdag. Då var ho nesten to minutt framfor hardaste konkurrent.

Johaug slo til frå start og fullførte på 33.03 minutt. Heidi Weng som kom nærmast var 1.55 minutt bak. Det er rein utklassing. Weng på si side var 1.44 minutt framfor tyske Nicole Fessel som tok tredjeplassen.

Det blei aldri nokon spenning om kven som skulle ta dei første plassane i dette tradisjonsrike rulleskirennet. Dei beste kom til toppen ein og ein. Mellom Fessel på tredje- og Martine Ek Hagen på fjerdeplass skilte det 16 sekund, og frå Johaug til Hagen skilte det så mykje som 3.57 minutt.

– Det var ei brutal hardøkt for kropp og hovud, sa Johaug til VG etter kraftprøven på 7,5 kilometer opp den heftige fjellsida i Rogaland.

– Eg har konsentrert meg med å jobbe mykje med det tekniske i sommar og gå taktomslag over bakketoppar, sa 28-åringen, som har vunne begge gongene ho har gått Lysebotn opp.

Ingvild Flugstad Østberg som hadde stor suksess i fjor, enda på niandeplass og blei gått frå med over fem minutt av Therese Johaug.

Totalt var det 66 av dei 79 jentene som stod på startstreken som kom til topps i rennet torsdag. (©NPK)