Annonse

Jordskjelvet på Lombok kravde over 430 liv

Indonesiske styresmakter har oppjustert talet på omkomne i jordskjelvet på øya Lombok førre veke til 436.

Jordskjelvet 5. august hadde ein styrke på 7 og gjorde rundt 350.000 menneske heimlause.

Leitinga i ruinane har tatt tid, og ifølgje nød- og beredskapsbyrået i landet er det hittil funne 436 omkomne, dei aller fleste i ruinane av samanraste hus.

Indonesiske styresmakter anslår at det vart gjort skade for nærmare 3 milliardar kroner, men opplyser at dette anslaget vil auke etter kvart som ein får oversikt over alle skadane.

(©NPK)

Rundt 350.000 menneske vart heimlause under det kraftige jordskjelvet som ramma den indonesiske øya Lombok 5. august. Foto: AP / NTB scanpix