Annonse

Juklerød frå Vålerenga til belgisk fotball

Vålerenga har selt Simen Juklerød til den belgiske 1.-divisjonsklubben Royal Antwerpen.

Det stadfestar Vålerenga på nettsida si tysdag.

Simen Juklerød har signert ei toårskontrakt med opsjon på eitt år til med den belgiske klubben etter å ha gjennomført den medisinske testen tidlegare tysdag.

- Forventningane mine til Antwerpen er positive. Eg blei tatt godt imot i dag. Det er litt skummelt å dra til eit nytt land heilt åleine, men når moglegheita kom opp, kunne eg ikkje seie nei. Eg har hatt 2,5 fine år i Vålerenga og vil takke alle som har hjelpt meg til å bli ein betre spelar, seier Juklerød.

Kantspelaren kom til Vålerenga før 2016-sesongen frå Bærum. 24-åringen har spelt elleve eliteseriekampar for VIF denne sesongen, men har ikkje komme på scoringslista. Han har slått tre målgivande pasningar. Juklerød hadde igjen eitt og eit halvt år av kontrakten sin med Vålerenga.

- Det er ikkje lenge sidan både Sander (Berge) og Ghayas (Zahid) drog, og no er vi stolte av å ha utvikla endå ein lokal spelar som får moglegheita i utlandet. Det tyder på at det blir jobba godt også i klubbane rundt oss, i dette tilfellet Bærum, seier sportsleg leiar Jørgen Ingebrigtsen.

- Vi ønskjer Simen masse lykke til med det nye eventyret og gler oss til å følgje med på utviklinga hans i Belgia, legg han til.

Antwerpen blei nummer åtte i serien i Belgia førre sesong. Laget sesongopnar mot Charleroi i slutten av juli.

(©NPK)

Vålerengas Simen Juklerød skal spele i Belgia kommande sesong. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix