Annonse

«Jungelen» i Calais blir tømt

(NPK-NTB-AFP): Tømminga av «Jungelen» i Calais er i gang. No skal den berykta flyktning- og migrantleiren jamnast med jorda.

Tusenvis av flyktningar og migrantar frå Midtausten, Afrika og Asia har lenge levd under uverdige forhold i leiren, i håp om ein dag å kunne ta seg over Den engelske kanalen til Storbritannia.

Franske styresmakter har stengt og tømt leiren fleire gonger tidlegare, men kvar gong har den blitt fylt opp igjen.

Bebuarane får no tilbod om plass på mottakssenter i Frankrike, og britane har også opna for å ta imot nokre av dei.

Den første busslasten med rundt 50 sudanarar forlét leiren i 9-tida måndag, i retning eit mottak i Bourgogne-området.

– Eg er svært glad. Eg har fått meir enn nok av «Jungelen», seier 25 år gamle Abbas frå Sudan, som var blant dei første som tok oppstilling for å bli registrert for utreise.

– Det er mange som ikkje vil reise, så det kan bli problem seinare. Det var derfor eg var blant dei første som kom hit, fortel han.

Dei siste vekene har det nærmast dagleg vore samanstøytar i «Jungelen», når politiet har prøvd å hindre folk frå å snike seg opp på lastebilar som skal ta ferja over Den engelske kanalen til Dover.

– No er det ganske roleg, det er tent på nokre brannar, men dei er sløkte no. Mange er glade for å kome seg vekk herifrå, men dei verkar oppgitte, fortel hjelpearbeidaren François Guennoc til TT.

Borgarmeisteren i Calais, Natacha Bouchart, fryktar også uro når dei skrøpelege bustadane i leiren etter kvart skal ryddast.

– Vi er redde for at dei vil poppe opp igjen etter at vi har rydda området, seier ho.

– Enkelte kjem til å prøve å gøyme seg i område rundt Calais. Det er ein reell fare for at det blir ein forfølgingsaksjon, sa leiaren for den lokale hjelpeorganisasjonen Auberge dess Migrants, Christian Salome, i helga.

Det er usikkert kor mange britane vil ta imot, ettersom flyktningar må kunne bevise ei tilknyting til Storbritannia enten gjennom slektningar eller på anna vis, for å få opphald. (©NPK)