Annonse

Kombinert: Tande gjer comeback

Etter seks års fråvær er kombinertløpar Petter Tande motivert og klar for eit overraskande comeback.

32-åringen, som la opp undervegs i 2011-sesongen, har den siste tida vore å sjå i hoppbakken i Granåsen, melder Adresseavisen.

Etter at kombinertkarrieren var avslutta har trønderen jobba på sjøen som fiskar og i oppdrettsbransjen. No er han motivert for å vende tilbake til sitt gamle miljø i kombinertsporten.

- Eg begynte å sakne treningane med gutane og å dra på samlingar. Eigentleg sakna eg å konkurrere også. Men det tok fire år før saknet begynte å melde seg, seier Tande til avisa.

Mannen med tre VM-medaljar i stafett beviste raskt at gamle hopptakter framleis er intakt. Samtidig er han tydeleg på at målet ikkje i første rekke er OL i Pyeongchang i vinter.

- Inntil vidare er dette berre lystbetont. Eg fekk berre så lyst til å hoppe. Eg har ingen resultatmål, seier Tande.

Landslagstrenar Bjørn Kåre Ingebrigtsen trur også at den tidlegare landslagsutøvaren treng tid.

- Tida vil vise kva som kjem ut av dette. Det er eit slags prøveprosjekt fram til våren, og så får vi sjå då om det blir full satsing mot neste år. Då kan han bli god nok for kva som helst, seier Ingebrigtsen.

(©NPK)

Petter Tande gjer comeback som kombinertutøvar.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix