Annonse

Kompany ute på ubestemt tid

(NPK-NTB-AP): Skademarerittet vil ingen ende ta for Manchester City-kaptein Vincent Kompany. Det er uvisst når stopparen er tilbake for dei lyseblå.

Kompany pådrog seg ein lyskeskade i onsdagens 2-1-siger over Swansea i ligacupen. Det var den første kampen på over fire månader for belgiaren. Han tusla av bana like før slutt.

City opplyste fredag at det ikkje er sett nokon dato for når Kompany er venta å vere tilbake.

Den engelske klubben understrekar at skaden ikkje har nokon samanheng med leggskaden som Kompany sleit med førre sesong.

30-åringen har trøbla med skadar dei siste åra. Han starta berre 13 av 38 seriekampar sist sesong. (©NPK)