Annonse

Kraftig fall på Oslo Børs

(NPK-NTB): Tungvektarane på Oslo Børs førte an i eit kraftig verdifall onsdag. Da handelen stengde onsdag, var hovudindeksen svekt med 1,93 prosent til 622,44 prosent.

Blant dei største selskapa på børsen var det Telenor som vog tyngst i negativ retning. Etter å ha lagt fram skuffande kvartalstal knytt til satsinga i India og nedsalet i VimpelCom, fall aksjekursen til telegiganten med så mykje som 5,58 prosent gjennom dagen.

Øvst på taparlista låg Gjensidige Forsikring med eit kursfall på 8,15 prosent, etterfølgd av Seadrill (-7,36) og XXL (-6,31). Gjensidige leverte ei solid resultatforbetring i tredje kvartal, men gjorde det dårlegare enn venta.

Alle dei ti mest omsette selskapa – med Telenor, DNB (-2,14) og Statoil (-1,75) heilt i toppen – gjekk i raudt – med unntak av Yara. Gjødselselskapet var det tiande mest omsette selskapet onsdag og hadde ein kursauke på 0,52 prosent.

I Europa fall dei leiande indeksane. FTSE 100 i London sokk med 0,92 prosent, mens CAC 40 i Paris og Dax 30 i Frankfurt fall med 0,1 og 0,4 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart omsett for 50,4 dollar, ein nedgang på vel 1 prosent. (©NPK)