Annonse

Lakseauksjon enda på 2,9 milliardar kroner

Auksjonen av lakseløyve vart avslutta onsdag. 14 selskap har fått løyve for til saman 2,9 milliardar kroner.

- Eg er glad for at mange oppdrettarar har delteke i auksjonen. Oppslutninga viser at vi har ambisiøse oppdrettarar. Det er bra, for vekst i laksenæringa kan bidra til meir aktivitet og arbeidsplassar langs kysten, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

Auksjonen av nye lakseløyve vart gjennomført frå 18. til 20. juni, og er eit resultat av regjeringas nye såkalla trafikklyssystem, som skal sikre forsvarleg og føreseieleg vekst i oppdrettsnæringa.

Pengane frå lakseveksten går inn i Havbruksfondet som vart oppretta i 2016 for at lokalsamfunna skal få meir igjen for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd får 80 prosent av inntektene frå sal av lakseveksten, som blir fordelt gjennom dette fondet.

- For Kommune-Noreg betyr resultatet av denne auksjonen mykje. Dei vil no få betalt for at dei legg til rette for oppdrettsnæringa, seier Sandberg.

I tillegg til 2,9 milliardar kroner frå auksjonen denne veka, kom det i vinter inn 1 milliard kroner då oppdrettsselskapa fekk moglegheit til å kjøpe vekst til fastpris. Oppdrettskommunane og fylkeskommunane vil få utbetalt til saman 3,15 milliardar kroner, gjennom Havbruksfondet.

I alt er det selt 14.945 tonn ny kapasitet gjennom auksjonen, noko som svarar til om lag 97 prosent av det som var lagt ut for sal. I auksjonsforma som vart valt, er det alltid ein risiko for at ikkje alt blir selt, og det står altså framleis att nokre løyve. Til hausten offentliggjer departementet om, og eventuelt korleis, desse skal tildelast.

(©NPK)

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) kan fortelje at kommunane får utbetalt 3,15 milliardar kroner etter sal av nye lakseløyve og auksjonen den siste veka. Foto: Berit Roald / NTB scanpix