Annonse

Leicester ute etter Mohamed Elyounoussi

Ifølgje VG har Premier League-klubben Leicester kasta sine auge på Mohamed «Moi» Elyounoussi. Også tyske Leverkusen skal vere med i kampen om Basel-spissen.

Leicester, som sensasjonelt gjekk til topps i Premier League i 2016, skal ha sett seg ut Moi som erstattar for Riyad Mahres, som skal vere på veg bort frå klubben. Leverkusen misser truleg Leon Bailey til enten Tottenham eller Chelsea, og Moi er ein naturleg erstattar.

Minst ein av dei to klubbane, Leicester eller Leverkusen, har lagt inn eit formelt bod på den norske landslagsspissen, ifølgje avisa.

Basel skal ha sett ein prislapp på nesten 190 millionar kroner (20 millionar euro) på Moi. Dersom han blir selt, vil han bli den dyraste norske spelaren. Tore André Flo har den norske overgangsrekorden på 165 millionar kroner frå 2000.

(©NPK)

Mohamed Elyounoussi er ein ettertrakta mann på overgangsmarknaden. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix