Annonse

Lufthansa vurderer å kjøpe Norwegian

Lufthansa er i kontakt med Norwegian om eit oppkjøp. Norwegian-aksjen steig måndag med 10,1 prosent på Oslo Børs etter oppkjøpsspekulasjonane.

Bjørn Kjos stadfestar måndag ettermiddag overfor NRK at det har vore kontakt mellom Norwegian og Lufthansa med omsyn til mogleg oppkjøp.

- Det ligg an til ei ny bølgje med konsolideringar i luftbransjen. Det betyr at vi også er i kontakt med Norwegian. Det seier den tyske konsernsjef Carsten Spohr i flyselskapet i eit intervju med Süddeutsche Zeitung, som NA24 siterer.

Han seier at oppkjøpet kjem an på pris, konkurranserettslege omsyn og om Lufthansa meiner det gjev «strategisk meirverdi».

Lufthansa gjev dermed IAG konkurranse. I april kunngjorde British Airways-eigaren at dei vurderer å kjøpa opp Norwegian, og at dei i den samanheng hadde kjøpt opp ein del i flyselskapet.

Lufthansa er allereie godt i gang med satsinga på lågprisflyselskap og satsar stort på dotterselskapet Eurowings, som til liks med Norwegian siktar seg inn på både på kort- og langdistanseruter.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Morten Holm / NTB scanpix