Annonse

Lunde ikkje med til Danmark

(NPK-NTB): Katrine Lunde har meldt forfall til Golden League-turneringa i handball i Danmark neste veke.

Emily Stang Sando er henta inn som erstattar og utgjer keeperparet med Silje Solberg.

1.-valet Kari Aalvik Grimsbø var ikkje teken ut. Både ho, Nora Mørk og Heidi Løke blei innvilga ein rolegare periode av landslagssjef Thorir Hergeirsson.

Noreg møter Russland, Frankrike og Danmark i Golden League.

Det er ein del av oppkøyringa til EM i Sverige i desember. (©NPK)