Annonse

Lunde/Ulveseth slått ut i sandvolleyball-EM

Det norske paret Ingrid Lunde og Oda J. Uleveseth tapte 0-2 for finske Taru Lahti og Anniina Parkkinen i 16.-delsfinalen i sandvolley-EM fredag.

Lunde/Ulveseth rauk 12-20 i det første settet der dei verka sjanselause. Det andre settet vart jamvare, men dei norske spelarane klarte ikkje å halde unna og Lahti/Parkkinen vann til slutt 24-22.

I konkurransen for menn skal Christian Sandlie Sorum/Anders Berntsen Mol i aksjon mot Maxime Thiercy/Romain Di Giantommaso frå Frankrike i åttedelsfinalen seinare fredag.

(©NPK)