Annonse

Må permittere rundt 1.500 som følgje av offshorestreiken

Etter at streiken i riggoppgjeret blei trappa opp natt til måndag, varslar Rederiforbundet at nesten like mange som er i streik, no må ut i permisjon.

Årsaka er at fleire av dei aktuelle installasjonane (28 i alt) som er råka av streiken, må stengje som følgje av konflikten. Dermed er det heller ikkje jobb til dei tilsette som ikkje er omfatta av konflikten, skriv Sysla.

- Vi er allereie i gang med å permittere. Talet på folk i permisjon vil kunne bli omtrent det same som talet på streikande, seier Jakob Korsgaard, administrerande direktør i riggselskapet Maersk Drilling Noreg og forhandlingsleiar på vegner av Rederiforbundet.

Korsgaard meiner dei økonomiske konsekvensane av streiken kan bli omfattande. Han viser til at ein rigg kostar meir enn fem milliardar kroner å byggje.

- Det seier seg sjølv at følgjene blir store når dei blir liggjande lamma, seier Korsgaard. Han har fleire gonger hevda at arbeidstakarorganisasjonen Safe er uansvarlege når dei går til streik, men det blir tilbakevist av Safe.

- Det vil eg avkrefte på det sterkaste. Bedriftene tener pengar no, men vil ikkje dele med oss, svarer nestleiar Roy Aleksandersen i Safe.

Konflikten står om lønn og pensjon. Safe meiner Rederiforbundet vil svekkje ei gåvepensjonsordning riggarbeidarane har i dag, og at dei har hatt dårlegare lønnsutvikling enn andre oljearbeidarar.

(©NPK)

Rederiforbundet permitterer 1.500 tilsette som følgje av streiken i riggsektoren. Dermed er det nesten like mange permitterte som streikande. Bildet er av ein offshore-arbeidar på Edvard Grieg-plattforma.
Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix