Annonse

Machar vil ikkje returnere til Sør-Sudans hovudstad

(NPK-NTB-AFP): Sør-Sudans visepresident Riek Machar har ingen planer om vende tilbake til hovudstaden Juba, opplyser ein talsmann for visepresidenten.

Machar har ikkje blitt sett offentleg sidan han forlét Juba tidlegare i juli. Han forlét hovudstaden etter at det braut ut harde kampar mellom styrkar lojale til Machar og president Salva Kiir.

– Det er ikkje noko poeng å komme tilbake for å bli drepen, seier Machars talsmann Goi Jooyul Yol fredag.

– Machar blir framleis jakta på rundt Juba, vi stoler ikkje på Kiirs lovnader om tryggleik, seier Yol.

Afrikaunionen (AU) har foreslått å sende ein fredsbevarande styrke til Sør-Sudan, noko Machar har støtta, men Kiir har avvist. Styrken ville i så fall blitt eit supplement til FNs fredsbevarande styrke i landet.

Ein skjør fred er oppretta i den sørsudanske hovudstaden etter at over 300 menneske blei drepne i kampane som varte over fire dagar frå 8. til 11. juli.

Kiir og Machar er gamle erkefiendar og gjekk til krig mot kvarandre i 2013. Dei to deler nå formelt på makta i ein samlingsregjering som blei etablert i april, eit ledd i ein fredsavtale frå i fjor for å få slutt på den to år lange borgarkrigen. (©NPK)