Annonse

Område i Härjedalen blir evakuert på grunn av skogbrann

Fleire store skogbrannar herjar i Sverige, og det brenn no minst 80 stadar i landet. Eit område i Härjedalen kommune ved grensa mot Noreg er evakuert.

Ifølgje Sveriges Radio har redningsleiinga oppfordra alle til å forlate området. Stadane der det brenn er Olingdal og Härjåsjön.

Tysdag kveld kjem to italienske brannfly til for å avlaste ein tynnsliten svensk beredskap, som har slite med skogbrannane som blir omtalte som dei verste i landet i moderne tid. Også seks norske helikopter deltar i sløkkingsarbeidet. I tillegg har mannskap frå Stjørdal brann- og redningsteneste dratt over grensa for å hjelpe til med sløkking av skogbrannane i Sverige. Røde Kors aukar beredskapen.

- Mannskapa våre har slite og jobba heile natta. Vi treng meir personell og materiell. Det er mangel på alt, eigentleg, og problemet er at vi ikkje har folk til å avløyse mannskappene. Enkelte jobbar 24 timars vakter, seier beredskapsleiar Torbjörn Wannqvist i Ljusdal kommune, der åtte bustader er slukt av flammane.

Ber frivillige om hjelp

Området som dei norske hjelpemannskapa skal hjelpe til i er i Jämtland og Härjedalen, område som bør vere kjent blant mange nordmenn frå før. 60 bustader i Jämtland er tysdag ettermiddag evakuerte.

Redningstenesta i Jämtland klarer seg ikkje med norsk hjelp åleine, men har bedt alle frivillige over 18 år melde seg. Ifølgje kommunikasjonsansvarleg Niclas Jarlås i kommunen har responsen vore stor.

- Det ringjer heile tida Det begynner å nærme seg hundre samtaler og det ringjer enda, seier han.

Fleire brannar oppstår

Fleire nye brannar oppstod tysdag, blant anna i Jättendal og Hamra i Hälsingland, ikkje langt unna byane Ängra og Enskogen som allereie er råka. I Härjedalen brenner det fleire stader, og ein av brannane dekkjer eit område så stort som 1.600 hektar.

- Vi har fleire helikopter i lufta. Den største brannen er ikkje ordentleg omringa, så får vi sjå om vêret betrar seg, seier Henrik Jansson i Härjedalen brannvesen.

Sidan helga er det meldt om nye skogbrannar, både små og store, i heile Sverige - med unntak av Skåne, Helland og Gotland. Mest omfattande er det i fylka Dalarna, Jamtland og Gävleborg. Der jobbar lokal brann- og redningsteneste febrilsk med å få kontroll på brannane, men har så langt ikkje lukkast.

Komplisert sløkkingsarbeid

Södertörns brannforsvar har komme til Älvdalen kommune der det brenn ved fjell og myrer, og det ikkje er vegar i området som kan stanse spreiinga av flammane. Sløkkingsarbeidet blir skildra som komplisert.

Måndag blei det funne eit skytefelt med udetonert ammunisjon nær skogbrannen, noko som skapte trøbbel for sløkkingsarbeidet, men tysdag er faren ved skytefeltet avverja.

- Der vi går inn i området i dag skal det ikkje vere noko ammunisjon, så akkurat no vurderer vi ikkje det som eit problem, seier pressetalsperson Anders Attehed i Mora brannvesen.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix