Annonse

Mannen som skaut Reagan slepper ut av institusjon

(NPK-NTB-AP): John Hinckley Jr, som i 1981 skaut og såra den dåverande amerikanske presidenten Ronald Reagan, har fått medhald frå retten om å sleppe ut av institusjonen der han har vore innlagd sidan attentatet.

Det var onsdag at ein føderal domstol avgjorde at Hinckley, som i dag er 61 år gammal, kan flytte ut av institusjonen og bu fulltid heime hos mora i delstaten Virginia.

Avgjerda onsdag kom etter at advokatane til Hinckley tidlegare i år la fram saka for domstolen og argumenterte for at 61-åringen var klar til å vende tilbake til samfunnet.

Hinckley skaut og såra Reagan og tre andre, blant dei pressesekretæren til presidenten, James Brady, i eit forsøk på å imponere barneskodespelaren Jodie Foster, som han var sjukleg opptatt av.

Juryen fann han ikkje skuldig i drapsforsøk fordi han ikkje var tilrekneleg. (©NPK)