Annonse

MDG vil sjå på statsministerens rolle i Sandberg-saka

Fleire medium melder at Per Sandberg (Frp) trekkjer seg som statsråd måndag. No vil MDG sjå på kva statsministeren har gjort seg i saka.

Fleire medium melder at Per Sandberg (Frp) trekkjer seg som statsråd måndag. No vil MDG sjå på kva statsministeren har gjort seg i saka.

- Dersom opplysningane stemmer, så er dette eit ryddig val av Sandberg. Ein kan ikkje sitte som statsråd og ha innrømt at ein med viten og vilje har brote sikkerheitsreglane fordi det passar ein privat, seier Miljøpartiet Dei Grønes stortingsrepresentant Une Bastholm i ei pressemelding.

Måndag morgon melde Aftenposten og fleire andre medium at fiskeriminister Per Sandberg vil trekkje seg som fiskeriminister i løpet av dagen. Det skjer etter at Sandberg den siste tida har fått sterk kritikk for sine handlingar i samband med Iran-saka. Opplysningane er førebels ikkje offentleg bekrefta av regjeringa.

No varslar MDG at dei vil sjå på om saka bør få større konsekvensar.

- Det står framleis att å sjå kva statsministeren har gjort seg for å unngå denne skandalen. Vi kjem til å følgje dette tett for å sjå om dette bør få endå større konsekvensar, seier Bastholm.

(©NPK)

Miljøpartiet Dei Grønes Une Bastholm vil vurdere om Sandberg-saka bør få større konsekvensar. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix