Annonse

Medium: Bruce forlèt Hull

(NPK-NTB): Steve Bruce skal ha forlate sin post som Hull-trenar. Det melder fleire engelske medium fredag.

Ifølgje BBC var ikkje 55-åringen på treningsfeltet fredag. Bruce uttalte til den engelske pressa tidlegare i sommar at hans framtid i klubben, som er til sals, var usikker.

Engelskmannen blei sjef for Hull i 2012, og leidde dei til opprykk til Premier League førre sesong.

Ifølgje BBC og Sky Sports har Bruce vore i samtaler med Det engelske fotballforbundet om den ledige jobben som landslagssjef.

I si tid på KC Stadium leidde Bruce Hull til to opprykk til Premier League, ein FA-cupfinale og europaligakvalifisering.

Hull serieopnar mot regjerande meister Leicester 13. august, og har mindre enn éin månad på finne ein erstattar for Bruce. (©NPK)