Annonse

Medium: Opdal til Brann

Fleire medium melder tysdag at keeperen Håkon Opdal blir Brann-spelar frå 2019-sesongen.

36-åringen var tysdag i Bergen der han skulle ha samtalar med sin agent Stig Lillejord. Det er venta at han gjennomfører den medisinske testen i løpet av dagen.

BT skriv at Start-keeperen skriv under ein avtale som gjeld frå 2019-sesongen. Då er avtalen til Branns førstekeeper Samuel Sahin-Radlinger gått ut. Brann har tidlegare vore klare på at dei ønsker å knytte til seg Sahin-Radlinger på permanent basis.

Oddingen Opdal spelte 2356 kampar for Brann før han forsvann frå klubben i 2011 då Piotr Leciejewski overtok som førstekeeper.

Etter nokre kampar i SønderjyskE har Håkon Opdal vore keeper i Start sidan 2013.

(©NPK)

Starts Håkon Opdal strekkjer seg i eliteseriekampen mellom Start og Tromsø tidlegare i år. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix.