Annonse

Miljøorganisasjonar vil straffe «lure-hybridar»

(NPK-NTB): Ikkje alle ladbare hybridbilar fortener store avgiftskutt, meiner miljøorganisasjonar. Dei vil gjere bilar med store utslepp dyrare.

Elbilforeningen og miljøstiftinga Zero har sett seg leie på at «lure-hybridar» med lita el-rekkevidde og høge CO2-utslepp får ein saftig avgiftsreduksjon, skriv VG. Dei har laga ein alternativ avgiftsmodell til regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

– Vi vil gjere forskjellen mellom reine elbilar og bilar med diesel og bensinmotor større. Derfor har vi skjerpa CO2-avgifta betydeleg. Samtidig er det viktig for oss å skilje mellom «gode» og mindre gode ladbare hybridar, seier Kari Asheim, som er fagansvarleg for transport i Zero.

Med deira opplegg blir bestseljarane blant fossilbilane i snitt 16.000 kroner dyrare, medan dei blir 4.000 dyrare med forslaget til regjeringa.

Snittet i avgiftsreduksjonen for 20 ladbare hybridar vil bli på 1.220 kroner, mot 51.021 i forslaget til regjeringa. Dei mest populære konvensjonelle hybridane vil få ei auka avgift på 9.417 kroner, mot avgiftslette på cirka 7.000 kroner i forslaget til regjeringa.

Hans Olav Syversen i KrF stadfestar at dette er eit tema i diskusjonane om deira alternative budsjett. Han seier partiet jobbar med ulike alternativ for CO2-avgifta og ser på endringar for ladbare hybridar basert på rekkevidde og batteristorleik. (©NPK)