Annonse

Nederlandsk avis: Ødegaard aktuell for Vitesse

Martin Ødegaard kan vera på veg tilbake til nederlandsk fotball. - Han blir lånt ut, seier agent Bjørn Tore Kvarme til Nettavisen.

- Situasjonen rundt Martin er at vi blei einige med Real Madrid i går (måndag) om at han bør spela i ein annan klubb komande sesong. Han blei difor ikkje teken ut i troppen til kampen i morgon, seier Kvarme til avisa.

Den spanske ligaen startar til helga, og det er venta at det kjem ei avklaring rundt den neste klubbadressa til Ødegaard innan eit par dagar.

Ødegaard har berre fått eit kort innhopp i ein ligakamp og ein heil cupkamp sidan han kom frå Strømsgodset.

I nesten halvannan sesong var han leigd ut til Heerenveen i Nederland. Den spanske avisa Mundo Deportivo skriv tysdag at ein retur dit er høgaktuell.

Den nederlandske avisa Telegraaf fortel at Vitesse Arnhem ligg an til å få tilslaget på nordmannen.

Mange

Real Madrid tok med seg fem keeperar og to skadde spelarar i troppen til den første offisielle kampen i sesongen mot Atlético Madrid i Tallinn.

Frå 30-mannstroppen som møtte Milan mangla berre éin spelar: Ødegaard.

Ifølgje VG blir det i spanske medium tolka som eit tydeleg teikn på at nordmannen er på veg bort frå klubben. «Timane hans kan vera talte», skriv den spanske avisa Marca i papirutgåva tysdag.

«Ødegaard på veg bort etter supercupvraking», skriv AS. Real Madrid har ikkje oppgitt nokon grunn til at 19-åringen ikkje er med i troppen.

Real Madrid møtte Milan til treningskamp i helga, og då var Ødegaard med i troppen.

(©NPK)

Det kan gå lenge til Martin Ødegaard spelar i Real Madrid-drakta igjen. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix