Annonse

Newcastle lagt ut for sal

Mike Ashley er klar til å avslutta den kontroversielle perioden sin som eigar for Premier League-klubben Newcastle. Måndag la han klubben ut for sal.

Ashley tok over aksjemajoriteten i Newcastle i 2007. No har mannen som har slege seg stort opp i sportsutstyrsbransjen bestemt seg for å tre tilbake.

Newcastle har rykt ned frå Premier League to gonger i tida med Ashley som eigar, og 53-åringen har frustrert fansen med fleire mislykka manager-tilsetjingar. Populært var det heller ikkje å selja namnerettane til den historiske arenaen til klubben.

Ashley skapte også irritasjon då han ikkje stilte særleg mykje pengar til disposisjon til spelarkjøp i overgangsvindauga i sommar.

Manager Rafael Benitez har offentleg beklaga den beskjedne pengebruken til klubben ved fleire høve.

I ein uttale måndag stadfestar eigaren Ashley at han håpar å ha etterfølgjaren sin på plass innan utgangen av året.

Newcastle ligg for tida på niandeplass i Premier League. Søndag blei det 2-2 mot Southampton.

(©NPK)

Newcastle-spelarane kunne måndag registrera at klubben er lagt ut for sal. Foto: John Walton / PA / AP / NTB scanpix