Annonse

Norden vil arrangera fotball-VM for kvinner

Fotballpresidentane i Norden går saman med eit ønske om å arrangera fotball-VM for kvinner og for U20-lag.

Det nordiske samarbeidet blir samansett av Noreg, Danmark, Sverige, Finland, Island og Færøyane. Det går fram i ei pressemelding frå Norges Fotballforbund (NFF) fredag.

- Norden samarbeider som eit lag, og Norden har tidlegare hatt sluttspel og europeiske finalar på høgste nivå. Denne kunnskapen vil vi utvikla vidare, mellom anna ved å søkja om VM for kvinner og U20-VM for herrar, noko som også underbyggjer den felles strategien vår og satsinga på jente- og kvinnefotball, seier fotballpresident Terje Svendsen i ein uttale.

Han strekar under at innstillinga må behandlast av forbundsstyret i NFF. Det er ikkje klart kva meisterskap samarbeidslandane ønskjer å søkja om.

(©NPK)