Annonse

Norsk dobbeltsculler-sølv i U23-VM

(NPK-NTB): Den norske dobbeltsculleren Martin Helseth og Erik Solbakken rodde inn til sølv i U23-VM i Nederland fredag.

Dei to norske roarane klarte ikkje henge med tyske Max Appel og Philipp Syring som leidde ved passering 500 meter. Noreg låg på ein fjerdeplass, men viste at dei ville revansjere spurttapet mot Nederland i semifinalen.

Gullet hadde tyskarane kontroll på, men i kampen om sølvet vann dei norske gutane spurten. Noreg enda eitt sekund bak Tyskland, medan Amos Keijser og Abe Wiersma frå Nederland rodde inn til bronse.

Helset tok dermed sin andre sølvmedalje U23-klassen. I fjor kom han på andreplass saman med Oscar S. Helvig. (©NPK)