Annonse

Northug ikkje til Falun

Petter Northug er ikkje tatt ut til verdcupløpa i Falun. 

Petter Northug var ikkje blant dei 20 utøvarane på lista til renna i Falun.

- På sprinten laurdag får vi berre stille med seks menn. Det betyr at sterke namn som Pål Golberg, Ola Vigen Hattestad og Petter Northug ikkje er tatt ut til dette rennet, seier landslagssjef Vidar Løfshus.

Det betyr at 31-åringen truleg ikkje får gått ein sprintkonkurranse før han skal forsvare VM-gullet i Lahti. Det er nemleg lite aktuelt å gå sprinten i NM på Lygna.

- Petter ønskjer ikkje å gå sprinten i NM fordi det er dagen før 30 kilometer med skibyte. Og det er hans moglegheit til å kvalifisere seg til denne distansen i VM, seier trenar Stig Rune Kveen til TV 2.

Northug er heller ikkje tatt ut til 30-kilometeren i Falun. Der vil han få moglegheita dersom nokon melder forfall.

(©NPK)