Annonse

NRK: PST skal granske kjærasten til Sandberg

Politiets tryggingsteneste (PST) har starta ei undersøking av bakgrunnen til Bahareh Letnes og moglege band til regimet i Iran, ifølgje NRK.

Politiets tryggingsteneste (PST) har starta ei undersøking av bakgrunnen til Bahareh Letnes og moglege band til regimet i Iran, ifølgje NRK.

NRK var fredag i kontakt med Letnes, som seier det er bra at PST no skal undersøkje bakgrunnen hennar. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.

Ei gransking av Letnes er heilt nødvendig, meiner tidlegare etterretningssjef Kjell Grandhagen.

28-åringen har komme i søkelyset etter at det blei kjent at ho er blitt kjærast med fiskeriminister Per Sandberg (Frp), og at dei to drog på ferie til Iran utan å varsle Statsministerens kontor på førehand, slik reglane tilseier.

Sandberg (58) har også blitt skarpt kritisert for å ha tatt med mobiltelefonen sin til Iran.

Letnes kom til Noreg som 16-åring og fekk opphald i 2008. Ho har no norsk statsborgarskap i tillegg til iransk.

Tidlegare har det komme fram at Letnes i 2016 sende inn ein open søknad til Fiskeridepartementet der ho søkte om å bli assistent eller tolk for Sandberg.

(©NPK)

Etter det NRK forstår, har PST sett i verk ei gransking av bakgrunnen til den nye kjærasten til Per Sandberg, norsk-franske Bahareh Letnes. Her er dei to på veg gjennom Mandal sentrum fredag. Foto: Espen Sand / NTB scanpix