Annonse

Ny plan tar sikte på å bevare 10 prosent av korallreva i verda

Ein ny ambisiøs global plan tar sikte på å bevare 10 prosent av korallreva i verda ved å plukke ut 50 rev som skal få spesielt vern.

Ifølgje forskarane vil 90 prosent av korallreva i verda forsvinne innan 2050 på grunn av korallbleiking som kjem av global oppvarming og forureining.

Planen går ut på at framståande forskarar, miljøvernarar og filantropar identifiserer dei aktuelle 50 korallreva og set i verk tiltak for å bevare dei og finansiere arbeidet.

- Dette er basert på vitskap. Dersom berre 10 prosent overlever, må vi sørgje for at i alle fall desse 10 prosentane blir sikra overleving, seier Ove Hoegh-Guldberg som leier initiativet.

(©NPK)