Annonse

OPCW kan få ta blodprøvar av Skripal

Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) får ta blodprøvar av eksspion Sergej Skripal og dottera Julia, slår britisk dommar fast.

Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) får ta blodprøvar av eksspion Sergej Skripal og dottera Julia, slår britisk dommar fast.

Kunngjeringa frå dommar David Williams torsdag slår fast at det er lov for legar «å ta blodprøvar og legge dei fram for OPCW, og å legge fram kopiar av medisinske journalar for OPCW».

Den tidlegare dobbeltspionen Sergej Skripal og dottera Julia er framleis innlagt på sjukehus. Tilstanden er kritisk. Ein politimann som kom til staden etter angrepet, vart også sjuk. Han er no utskriven, opplyste det britiske helsevesenet torsdag.

Sergej Skripal og dottera vart funne medvettslause på ein benk i Salisbury 4. mars. Britiske styresmakter meiner dei vart forgifta av nervegifta Novitsjok og at Russland stod bak.

Så langt har ikkje britane lagt fram bevis for sine påstandar, og Moskva har avvist skuldingane.

(©NPK)