Annonse

Opprettar svensk pris i Vilhelm Mobergs ånd

Ein litteraturfestival i Småland i Sverige oppretta ein ny, litterær pris til forfattarar som skildrar flyktningar.

Forfattarane må «i Vilhelm Mobergs ånd skildra livslagnadene i flyktningstraumane i vår tid», fortel Jönköpings-Posten.

Prisen, som blir kalla Smålits migrantpris, er på 50.000 svenske kroner og skal delast ut på neste Smålands litteraturfestival i februar 2019.

- Vilhelm Moberg lykkast verkeleg i å gje oss ei forståing for dei menneska som utvandra til Amerika. No vil vi finna forfattarar som gjer det same i dag, for å skildra dei store migrasjonsrørslene i vår tid, seier Emilia Söelund, kulturredaktør i Hall media som er medarrangør av festivalen, ifølgje TT.

Moberg (1898-1973) er mest kjend for romanserien sin i fire bind, som starta med «Utvandrerne» i 1949 og som skildrar den strevsame reisa til svenske emigrantar til Minnesota, der dei slår seg ned.

Liv Ullmann spelte hovudrolla som Kristina i dei to filmatiseringane «Utvandrerne» (1971) og «Nybyggerne» (1972), som blei prislønte og Oscar-nominerte. Også 1995-musikalen «Kristina frå Duvemåla» av Björn Ulvaeus og Benny Andersson frå ABBA byggjer på bøkene til Moberg.

(©NPK)

Liv Ullmann spelte hovudrolla som Kristina i Vilhelm Moberg-filmatiseringane «Utvandrerne» og «Nybyggerne». Her i ein scene med Monica Zetterlund. Arkivfoto: NTB scanpix