Annonse

Over 100 aviser til motangrep på Trump

Over hundre amerikanske aviser vil i kvar sin leiar gå saman om å slå ned på USAs president Donald Trumps skarpe kritikk av media.

The Boston Globe oppfordra i førre veke alle aviser over heile USA til å publisere ein eigen leiar torsdag 16. august som ein reaksjon på Trumps «skitne krig mot den frie pressa».

Ifølgje Huffington Post hadde avisa laurdag fått tilbakemeldingar frå over hundre store og små aviser.

- Eg forventar at dette talet vil stige i dagane som kjem, seier ein av redaktørane i The Boston Globe, Marjorie Pritchard. Ho fortel at kvar avis vil skrive sin eigen leiar for å kaste lys over «faren ved angrepa frå administrasjonen på pressa».

Pritchard seier dei valde å ta til motmæle etter at utspela frå presidenten mot pressa har auka i intensitet den siste tida. I tillegg til å ha stempla den som ein folkefiende, omtalte Trump pressa, under eit valkamparrangement i Pennsylvania nyleg, som «falske, motbydelege nyheiter».

Pritchard seier ho håpar dette koordinerte oppropet vil minne amerikanarane på kor viktig pressefridomen er, uansett kva for eit politisk parti ein stemmer på.

- Dette handlar ikkje om å vere demokrat. Og det handlar ikkje om å vere republikanar. Dette handlar om kor viktig ei fri presse forankra i grunnlova er, noko vi alle burde støtte, skriv ho på Twitter.

(©NPK)

Over hundre aviser tar til motmæle mot USAs president Donald Trumps kritikk av media. Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB scanpix