Annonse

Over 100 migrantar på Malta stua saman i fjøs

Opptil 120 migrantar har levd under umenneskelege forhold på ein nedlagt gard på Malta, ifølgje styresmaktene.

Menneska var innkvarterte i eit fjøs som var omgjort til bustader for utanlandske arbeidarar på jakt etter arbeid. Kvar av dei skal ha betalt rundt 100 euro (950 kroner) i månaden for å bu i fjøset.

Romma mangla heilt elementær innreiing og sikra heller ikkje bebuarane noko privatliv. Dusjar og toalett utgjorde ifølgje styresmaktene ein helsefare for dei som brukte dei. I tillegg var alle romma overfylte.

Styresmaktene hadde måndag sperra av alle bygningane på den nedlagde garden. Migrantane, dei fleste afrikanarar, blei seinare sett gåande på gata, der dei bad journalistar om hjelp til å finna ein stad å bu.

Malta har opplevd ein kraftig økonomisk vekst, noko som både har ført til skyhøge leigeprisar og mange innvandrarar på jakt etter arbeid. Ifølgje hjelpeorganisasjonar betyr det også ein kraftig auke i bruk av ulovleg arbeidskraft.

Like etter aksjonen måndag bad ein frivillig organisasjon, Aditus Foundation, om ei grundigare etterforsking av mogleg utnytting, slaveri og menneskehandel.

(©NPK)