Annonse

Pave Frans besøkjer Georgia og Aserbajdsjan

(NPK-NTB-AP): Pave Frans er på besøk i Georgia og Aserbajdsjan, der han skal møte både katolske, ortodokse, muslimske og jødiske leiarar.

Besøket vart innleidd i Georgias hovudstad Tbilisi fredag, med ein høfleg visitt hos president Giorgi Margvelashvili.

Deretter venta eit besøk hos patriark Ilia, før kveldsmessa i katedralen i Tbilisi.

Etter møtet med Margvelashvili mana pave Frans til respekt for nasjonalt sjølvstyre. Men han refererte ikkje konkret til Russland, som utkjempa ein kort krig med Georgia i 2008.

– Sameksistens mellom alle folk og statar i regionen er ein ufråvikeleg føresetnad for å oppnå fred og stabilitet, sa han.

Paven har tatt sterkt avstand frå krigføringa i Syria den siste tida, noko det også er venta at han vil nytte høve til å gjere under besøket i Georgia og Aserbajdsjan.

Kor hardt han vil gå ut mot det som no skjer i Aleppo, der syriske regjeringsstyrkar med russisk støtte har innleidd ein storoffensiv, er det knytt ei viss spenning til.

Paven er vanlegvis forsiktig med å kritisere Russland og den russiskortodokse kyrkja, etter at han tidlegare i år møtte den russiske patriarken under eit besøk på Cuba. (©NPK)