Annonse

Populære turisthytter i Slottsparken

(NPK-NTB): – Er dronninga heime og kokar middag? Det er ei av dei mange helsingane som blei lagt att i dei to hyttene som stod bak Slottet i samband med 25-årsmarkeringa til kongeparet.

Spørsmålet frå Gabriel på tre år er ein av dei mange helsingane som dronning Sonja fekk overlevert på Slottet tysdag.

Over 28.000 menneske besøkte dei to hyttene «Hovinkoia» og «Skåpet» som blei plassert ut i Slottsparken i samband med markeringa av at kongeparet har vore 25 år på trona.

Hyttene blei sett opp av Den Norske Turistforening (DNT) og stod i Slottsparken – som for markeringa blei døypt om til Jubileumsparken – frå 13. juni til 4. september.

Folk som besøkte hyttene, kunne leggja att ei helsing i hyttebøkene, og det er desse bøkene dronninga fekk overlevert av styreleiar i DNT Berit Kjøll og generalsekretær Nils Øveraas.

I tillegg til helsinga frå vesle Gabriel, som nok blei ført i pennen av ein vaksen, var det mange besøkjande både frå Noreg og utlandet som skreiv ei helsing til kongeparet i gjestebøkene. (©NPK)